Gjertrudbakken 2-4
6863, Leikanger


Om Gjertrudbakken
Bustadblokka ligg med kort avstand til Saften – ein ombygd fabrikkbygning som no husar daglegvarebutikk, treningssenter, idrettshall, frisør, bibliotek og klesbutikk. Fjordkroa ligg like ved bustadblokka og er ein fin møteplass for bygdefolket.
Det er gangavstand til både barnehage og skule frå Gjertrudbakken, og Leikanger har gode bussforbindelsar til Sogndal. I tillegg har Leikanger også eit hav av turmoglegheiter i nærleiken for naturterapi
Beliggenheit

Foto av Astri Knutsen
Generell informasjon om leiligheitene
Bustadblokka vil bestå av tre ulike typar leilegheiter fordelt på tre etasjar, i alt 10 leilegheiter. Her er det noko for alle, både nyetablerte familiar og den eldre generasjon. Med parkeringskjellar vil bilen din alltid stå tørt, sommar som vinter.
Leilegheitene er både moderne og praktiske med god plass til heile familien. Dei går over eitt plan, og har to, tre eller fire soverom.
Du kjøper din nye bustad nøkkelferdig og klar for innflytting, men kan likevel ha moglegheit for nokre tilval og justeringar. Leilegheitene byggast med smarte løysingar, held høg kvalitet og kjende merkevarer vert nytta.


Framtidas bustadblokk tek høgde for både miljø, teknologi og den kommande eldrebølga. Tenk om folk flest kan bu heime lenger og samtidig møte folk i ulike fasar i livet. I fellesarealet er det moglegheit for å lage ein sosial kaffikrok. Ei bygdeblokk med 10 einingar er ikkje større enn at ein kan ha eit godt forhold til naboane.



Leilegheitstype 1:
Ligger i 1. og 2. etasje
Stove-kjøkken, tre soverom, bad, gang, bod, entre, balkong
Sportsbod i kjellar
Ein parkeringsplass i kjellar
Gjesteparkering ved Saften
BRA: 80,1 kvm
P-rom: 77 kvm
BRA totalt: 85,1 kvm
Ligger i 1. og 2. etasje
Stove-kjøkken, to soverom, bad, gang, bod, entre, balkong
Sportsbod i kjellar
Ein parkeringsplass i kjellar
Gjesteparkering ved Saften
BRA: 68,5 kvm
P-rom: 67 kvm
BRA totalt: 73,5 kvm
Leilegheitstype 2:

Leilegheitstype 3:
Ligger i 3. etasje
Stove-kjøkken, fire soverom, bad, gang, bod, entre, ein balkong og stor takterrasse
Sportsbod i kjellar
Ein parkeringsplass i kjellar, med moglegheit for to
Moglegheit for å redusere til tre soverom og heller få større stove
Tilrettelagt for jacuzzi på takterassen
Gjesteparkering ved Saften
BRA: 113,0 kvm
P-rom: 110 kvm
BRA totalt: 118 kvm


Leilegheit nummer: 1, 4, 5 og 8
Leilegheit nummer: 2, 3, 6 og 7
Leilegheit nummer: 9 og 10